www.vasyli.no » Produkter » VASYLI Prior fotballsåle

Vasyli + Prior fotballsåle


Vi forhandlar no ein ny såle spesiallaga for fotballsko og liknande skotypar. Desse sålane har støtdemping fremst (sone b og c), sidan mykje av aktiviteten skjer med vekt på forfoten og tær under fotballspel (og andre sportsaktivitetar).

Når ein belastar forfoten og tær vil stortåa vere meir flektert. Det aktiverer windlass-effekten og foten vil då vere i ein meir superinert stilling enn når ein belastar heile foten. Sålen har difor mindre korreksjon av lengdebogen enn våre andre sålar. For å optimalisere windlass-effekten har ein også skapt rom under stortåa sitt grunnledd. Dette lettar fleksjonen av stortåa.

Sålen passer difor ekstra godt for personar med funksjonell hallux limitus. Sone A er «High Density-materiale», er forlenga i ytre fotrand og er meint å førebygge trøttleiksbrot i 5. metatars.